Vesle mor er inne i ei svært so aktiv fase for tida, snur ein seg eit augeblink fyk ho bort over golvet på jakt etter noko, som eigentleg ikkje er for små fingrar som systrene har gløymt igjen. Ho reiser seg, og brukar små stolane som gåstol over golvet (takk og lov for puter under stolane som ikkje lagar alt for mykje striper i parketten). No reiser ho seg opp midt på golvet heilt aleine, og der stend ho, vesle jenta mi, som ikkje er so liten lenger.
Men somme tider er det godt å ha noko å støtte seg til for å halde seg oppreist.
Permisjonen min nærar seg ubønhørleg slutten,
allereie 22. mars er eg tilbake på jobb, og mannen tar over.
Litt vemodig at tida har rast frå meg fullstendig
(det som var tenkt som ein svært so produktiv permisjon, vart ikkje heilt det likevel.)
Men vi har kosa oss, eg og vesle mor, og somme dagar Amalie.
Men eg håpar vi kan fortsette å kose oss, likevel.

1 kommentar:
Ja, det er helt utrolig hvor fort dette første året går..
Skal begynne å jobbe igjen den 23. og kjenner at jeg virkelig gruer meg, jeg kooser meg så med å gå hjemme..
Så nå skal den siste uken virkelig nytes!!
:)
Ha en fin søndag og ei fin sisteuke av permisjonen din!
Legg inn en kommentar