søndag 26. februar 2012

Kveldsmat på kjøkkenet

Medan mannen tok seg ei lita treningsøkt og jentene såg barne-tv laga eg kveldsmat på kjøkkenet.
Eg saknar denne stunda dei kveldane eg er på jobb.
Det å kunne prate litt og tulle litt før tannpussen og tre jenter marsjerer bort til bokhylla nede på jakt etter kvar si bok å lese på sengekanten.

Eg har ikkje vist noko særleg bilete av kjøkkenet på bloggen.
Kjøkkenet er lite og fullt, men eg er svært glad i det.
Før helga fek også bordet ein duk, 
som passa perfekt til dei små blomane.
Eit syltetøyglas med litt sand fungerer perfekt som ein liten te-lys stake.



Lampa over bordet passar perfekt inn på kjøkkenet. 
Det måtte litt prøving og feiling til før denne kom i hus,
men denne er som skapt for kjøkkenet.

Her var vi plutselg på tur i helga til mannen sine foreldre.
Godt å komme seg bort litt,
men vel so godt å komme heim.

Ha ei flott veke!
Her er vi tilbake til kvardagen og alle er friske! Hurra!

1 kommentar:

Rosa sa...

Så kosleg med ei slik kveldsstund. Skjønne, vårlege blomar og duk var det også!

Og ja, det er kjekt å reise vekk, og deretter kjekt å komme heim til sitt eige :)

God veke til deg og dine!