tirsdag 21. februar 2012

Tid for te

Eg drikk ikkje kaffe,
derfor gjeng det ein heil del te her i heimen.
Koppane fekk vi til jul i fjor, men er ein desidert favoritt.
Likar det reine deisgnet, og litt ekstra vert det med fatet under,
(eller ein kan bruke det som lokk til koppen).


Eg har lenge vert på utkikk etter ein boks til teen.
Kjøpte nesten ein på eit Perfeckt home party som eg var på i fjor,
men vart aldri heilt overbevist.
Denne fant eg imidlertid på Nille (av alle plassar)
og følte den passa perfekt på det vesle kjøkkenet vårt.
No har den fast plass på kjøkkenbordet under vindauget.


Her er det vinterferie og sjukdom som råder. 
Heile forrige veke gjekk med til å vere sjuk,
og no ser det ut som om denne veka også vert brukt til det.
Eg skal på seinvakt dei tre neste dagane, 
so då fer vi kose oss heime på dagtid so godt som mugleg.

Fortsatt fin vinterferie!

Ingen kommentarer: