I det siste har eg funne litt meir tid til symaskina.
Vanlighvis er det strikkepinnane som er i bruk,
men eg har mykje stoff og lyst til å sy
so då er det berre å gå igang.
Det gjeng ikkje so fort,
men det er mest fordi eg ikkje får sitte til eg er ferdig.
Det vert slike til og frå prosjekt.
Ein saum her og ein saum der,
men til slutt vert det ferdig.
Desse to her har dei to store konfiskert,
so eg lyt nok lage ei ny til meg sjølv.
Vert nok fleir av desse her etterkvart,
ikkje alt for avanserte.
Her duftar det nybakt brød i heile huset.
Ha ein fortsatt fin dag!

2 kommentarer:
Hei Anita!
Då var eg innom og titta i bloggen din! Du lagar og skriv så mykje fint! Det du lagar er så herlig i fargar og design -veldig deg! Glad for at du får litt anledning, i alle fall, til å drive med hobbyarbeid! Det er viktig for ei mamma -men ei utfordring å finne/lage tid for det! Klem fra Rannveig! P.s. Håper dokke alle får vere friske no framover våren!
Så fine!!
Slik har ikkje eg våga meg på. Syns det ser så avansert ut :) Då er det greiare med små, lette kjolar til småfrøknene. Men kanskje må eg sjå om eg finn eit mønster, så eg kan gjere eit forsøk?
Legg inn en kommentar