søndag 13. mai 2012

Ein liten krok på loftet

I ein liten krok på loftet har vi funnet plass til ein sovesofa. Det er lavt og ikkje mykje plass, så her gjeld det å utnytte plassen best mulig. I rommet bak døra er det like lavt heilt ut på sidene, og derfor vanskelig å utnytte. Forløbig er dette rommet gjeste/sy/leike rom, men skal etter kvart verte soverom til dei to store, men enn so lenge bur dei nede i kjelleren i lag med oss andre.


Putene er litt forskjellig, og heimesydd. Dei skal snart byttast ut med nokre andre, må berre gjere ferdig litt andre ting først.. Sofaen har vi arva av foreldra mine og er knall blå, derfor er den dekt med eit tjukt kvitt lerretstoff (som er vanskelig å få til å ligge fint).


Ved sida av sofaen har eit gammalt lite teakbord funne på ein bruktbutikk fått plass, 
i lag med ein liten stabel med interiørblad. Men lampa er ny.

Her har ei forkjøling som ikkje vil sleppe taket tatt over igjen (for tredje gong på eit halvt år). Håper den gir seg snart og at vi kan halde oss friske resten av våren. Mange prosjekt er på gang, og nye idèar verte klekkt ut om kva ein kan gjere. Og snart må den vesle kjøkkenhagen i stovevindauget flytte ut og fleire grønnsaker skal plantast, dersom berre vêret bestemmer seg for å samarbeide, squashen har nemeleg vorte temmeleg stor. 

Ha ein fortsatt fin søndagkveld!

1 kommentar:

Benedikte sa...

Det ser ut som en koselig lesekrok! :) Elsker også sånna gamle teak møbler. Du må blogge litt om kjøkkenhagen din også, veldig spennende! :)