Denne terrassen vart bygd i fjor, no er den ferdig beisa.
Det er ikkje so tydelig på bilete, men det vart ein lys grå farge.
Planen er å bygge eit gjerde rundt denne platten,
for å hindre ein liten to-åring frå å vandre av gårde.
Samstundes ynskjer vi å redusere litt innsyn.
Eg ynskjer meg bambus i korger på innsida,
og store "bokser" med frukt og bær i på utsida.
Kanskje bringebær, blåbær, jordbær og litt anna.
Hagen er liten og derfor har vi og naboen trampolina ståade i begge sin hage.
På bortsida er det ein gangvegg som er flittig brukt,
og derfor vert det litt som å sitte på utstilling.
Men vi har fått eit epletre i hagen. Hurra!
Grønnsakshagen står under verandaen foreløpig,
so håpar eg at varmen kan komme tilbake
slik at den kan vokse igjen,
noko har måtte flytta innigjen for det har vore so kaldt.
Mykje gjenstår i hagen, og eg håpar at vi kan få gjort litt i år.
Då vi flytta inn var det 1 meter høgt ugrass i heile hagen,
so mykje er alt gjort.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar