Dei siste vekene har vore innhaldsrike. Vi har fått ein liten lisjebror, til stor glede for alle. Ein liten god lisjebror som smiler og pratar og er glad i alle. Vesla har vorte tre år, og stor jente. Dagen vart feira med tre små venniner i frå barnehagen på besøk. Sidan ho har prata om bursdagen sin sia storesøster hadde bursdag i desember, var det godt å få feira dagen.
Bileta er frå i fjor sommar då eg tok med meg jentene og ei nabojente på tur ein dag mannen var på jobb. Kjekt å ha ein plass å gå tur rett i nærleiken av der ein bur, og godt med finversdagar, då slike turar er moglege. Vi hadde med oss vafflar og kosa oss langs vatnet.
Her er det stille i kveld, og alle sammen søv.
Godt å ha det heilt stille, og tid til å gjere det ein har mest lyst til, strikke litt,
blogge litt og berre ta det med ro.
Ha ein fortsatt fin kveld!





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar