torsdag 6. juni 2013

Lange dagar

Her er det lange dagar om dagen. 
To frøkner har fått vannkoppar, og det er ikkje noko kjekt.
 Lite søvn og mykje kløe. 
Og kva skal ein gjere på heile dagen? 
Den eine dagen fann vi nokre små legoposar som hadde gjøymt seg. 
Klistremerka er oppbrukt for lengst, og vi treng nye. 
Pusslespela er pussla ferdig og konkrete ønske om nye er komne.
No er det perling på gang, litt playmo, litt lego, litt av alt.

Nokon klipp istykker posar


medan andre bygg lego.



Og innimellom treng eg å koble litt av og har byrja på ein ny genser til frøken midtimelom. Rosa og fin i striper. Nøstebarngenser i egen vri. I favorittfargane til frøkna.


Og lisjebroren ligg fint i vogna si og søv. 
Ein skikkelig blid liten god gutt med smilehol, som er nesten alltid blid. 
Det hjelper på.

Vi gler oss til å vere ferdig med vannkoppar, og gler oss til helg.
Og lurer på kva vi skal finne på då.


Ingen kommentarer: