Sjølv om vi var heime med vannkoppane
og sjølv om det regna ute, måtte vi ut.
Ein vert nemleg litt sånn smågal av å vere inne i lengda.
Men kva er vel kjekkare for ein 3 åring og ein 5 åring
enn å leike med vatn og hoppe i søyler?
Ingenting.
So då får kløande prikkar vere kløande prikkar,
dei er uansett gøymde under alle kleda.
Fleire av dei søte små er potensielle blomsterdekoratorør eller gartnarar,
og kva er vel meir naturlig enn å leike blomsterbutikk?
Blomstrane vart vatna og stillt opp på disken fint på rad i små vasar.
(Såpebobblebokser fungerar supert til dette.)
So var det berre å komme og kjøpe.
Før det bar ut i sandkassa.
Berre ein er kledd riktig er jo alt gøy,
og etter å ha vore inne i tre dagar,
vel, då må ein berre ut.
Kontrasten er stor til ein slik dag som vi hadde i går.
Då viser Sunnmøre seg frå si beste side,
med heilt blå himmel og sol.
Ein kan gå i shorts og t-skjorte,
og ein kan ete is midt i veka.
Og midt i det heile er fjelltoppane framleis kvite av snø.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar