fredag 24. juni 2011

Dilla på klinkis

Jentene har dilla på kilnkekuler. Trur heile skulen er bitt av basillen. Dette resulterar i eit noko høgt forbruk av klinkekuler, men det er jo kjekkt.


Den raude posen har Sunniva sydd sjølv på skulen. Kjekkt at dei kan gjere slikt òg i kunst og handverk timane. Alle lagde kvar sin. Gutane sydde grønne. Den andre har eg sydd.  


Amalie sin pose, som vart til ein dag ho hadde fri.


Klinkekulene har navn, verdi og her er det ikkje noko tull. 


Ei heller tannlaus, men fornøgd frøken.

I morgon feirar vi bursdagen til mannen, so no hiv eg meg rundt litt før Mord og mysterier og eit hekletøy skal få oppta resten av kvelden min.

God kveld!

Ingen kommentarer: