Eit lys på kaka skin. Korleis ein skal takle det er ho ikkje heilt sikker på. Kaka er ei heilt enkel, vanleg gulrotkake.
Kanskje ein skal gå laus med skeia?
Må berre ha med eit bilete av god jenta i denne flotte kjolen. Ho fekk den til jul i fjor av tanta mi. Ho er so flink og strikke, og dei to eldste har fått kvar sin broderte kalender av henne (altså mange pakekalenderar), men slike ting er jo kjekkt å ha.
Karoline har også funne ut at det kjem bilete på baksida av kameraet,
og er derfor ikkje so lett å ta bilete av, fordi ho er i konstant jakt på kameraet.
Eg skal snart på seinvakt. Eg trudde at permisjonen min var over, men eg hadde visst fire veker til, so no er det berre helga igjen, so tek eg ein lang ferie. Vi veit framleis ikkje heilt kva tid frøkna skla byrje i barnehage, so derfor har eg fri heilt fram til første helga i august.
Vi held òg på med eit realt byggeprosjekt ute. Skal verte so deilig når det er ferdig, og vi kan bruke hagen vår. Trur det vert bra, men det var nok litt større enn kva vi hadde tenkt oss. Bilete kjem snart.
Riktig fin kveld!



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar