Vi bygg framleis. Eg håpar det skal verte ferdig i løpet av veka, for dei neste to vekene vert eg stort sett åleine med jentene p.g.a. eit arrangemang som mannen skal vere med å arrangere. Det vert travletider for oss alle, og då hadde det vore godt å hatt dette ferdig.
Denne vesle verandaen er no åpna, (bilete kjem) og verandaen er bygd vidare bortover langs husveggen.
Den er faktisk enda lengre bort enn denne planken, men det skal bli so godt!
Her er terasse nr. 2 som er bygd. Verandaen frå framsida gjeng rundt hjørnet og bak til denne terassen. Ved sida av skal det byggast trapp slik at vi kjem oss ned i hagen, utan å gå gjennom hagen til naboen, eller gjennom huset.
Denne skråninga er vi ikkje heilt sikkre på kva vi skal gjere med. Tar gjerne imot tips. Mannen byggjer ein flott naturmur, trappa og den ferdige muren med blomstrar tilhøyrer naboen, so husa stend ganske so tett her.
Slik det er no, har vi faktisk innsyn i frå tre sider. På framsida vil det hjelpe godt på når verandaen gjeng heile vegen rundt. Vi kjem nok også til å bygge igjen car-porten etterkvart, for å få mindre innsyn i frå den sida òg. Mykje som skjer på ein gong, og godt og verte ferdig med ulike prosjekt.
Eg er no tilbake i permisjon, det skal bli godt å få tida til å få gjort litt på huset, og få ferdig ulike prosjekt som stend halvferdig.
(Litt mørke bilete, men sola glimrar med sitt frå ver.)
Ha ein flott dag!




1 kommentar:
Heisann!
Det ser flott ut!
Hvordan går det med prosjektet nå?
Ønsker deg en fin dag!
Klem fra Livy
Legg inn en kommentar