Jamie Oliver har flytta inn i vinduskarmen vår på kjøkkenet.
To av dei veks noko voldsomt, men den siste let vente på seg, det kan nok ha noko med at Karoline fekk tak i den på bordet og hadde mold utover kjøkkengolvet i eit lite vaktsomt augenblink, men eg trur den òg kjem snart. Dei to store likar å følge med, og passar på at eg gir dei vatn kvar dag:)
Det vart ei stille St. Hans feiring på oss i år.
Mannen er på jobb på Dei Nynorske Festspela i Aasen-tunet og har fått møte Den gode feen, medan eg har vore heime med jentene. Sidan det regna voldsomt vart det feiring innom hus med pølser i brød og vafflar.
Dei var fornøgde, og det er jo det viktigste.
Sunniva og eg såg eit program i dag på NRK1. Det heiter Store leker, og handla om lego i dag. Dei bygde eit heilt hus av lego, noko frøkna syntes var svært spennande. Neste program handlar om plastalin. Underhaldande og morosamt for stor og liten dersom ein har litt tid ein torsdagkveld.
Ha ei riktig so god natt.

1 kommentar:
Heisann!
Så stilig, slike urter kunne jeg godt tenke meg også! Hvor får man kjøpt slike?
Ønsker deg en riktig god helg! Klem fra Livy
Legg inn en kommentar