Vi har ei stond no hatt kjøttfrie mandagar, tidlegare hadde vi ein dag i veka der vi ikkje åt kjøtt, men sidan det ikkje var ein fast dag, var det fort at det sklei ut litt.
I dag var det heimelaga blomkålsuppe med brødkrutongar
som stod på menyen.
Frøken midtimellom har vore heime frå barnehagen idag, med ein mystisk sjukdom,
heldighvis kom ho seg fort til igjen. For å få dagen til å gå laga vi eit nett som ho kan bruke til å ha klede som skal i barnehagen i, og mala dorullar som vi so pynta med klistremerker. Når ein fire-åring får kreere sjølv, vert resultatet deretter, Dora for alle penga, og rosa med stjerner. Slik vert det når ein får fri tilgang til mammas stoffsamling, men frøkna vart veldig fornøgd. Nettet vart dessverre litt for stort for ho, men eg tenker det gjeng greit likevel.
I morgon er planen å få kjøpt fleire potter til grønnsakshagen. Vi har ein liten hage, so her må alt plantast i potter og krukker. Endeleg har temperaturane vorte slik at det som har stått inne i vinduskarmen har flytta ut, og nye har vorte sådd, men dei har alt flytta ut. Sidan eg er ei lettare utålmodig sjel, håper eg at det no spirar fort.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar