Etter at den første eg strikka vart for liten til frøken midtimellom, s
om den egentlig var tenkt til, måtte eg til å strikke ein ny.
Ingen problem det sidan eg alt hadde garn liggande til nok eit morosett.
Eg veit det er varmt og sommar,
men plutseleg ein kveld kan det vere godt med noko som er litt varmare.
Vesla låner den ein kveld ho fann ut at det var kjekt å vere oppe,
so bilete er tatt kl. halv 10 om kvelden.
(speilreflekskameraet er framleis på ferie på ubstemt tid.)
Likar so godt fagar på barneklær, sjølv om denne er mest kvit, er den likevel litt frisk.
So får vi sjå om buksa vert trylla fram iløpet av sommaren.
No er det ein tøysetopp i økologsik bomull som er på pinnane, og eg gler meg til å strikke den. Har igrunnen strikka veldig lite i bomull, og aldri i økologisk garn, men det kjennes mjukt og godt ut.
Krølltoppen på bilete vert to år i morgon. Tida flyg, og det er litt vemodig at ho har vorte so stor alt. Dagen skal feirast på mandag med familie, sidan eg har arbeidshelg denne helga.

1 kommentar:
Så fin tunika! Gratulerer med dagen til lille krølltoppen! Bursdag samme dag som mine gutter som ble 8 år! :D
Legg inn en kommentar