Noko spirar og gror i pottene i hagen. Tomatene, squashen og plukksalaten har fått betre plass,
og i år har eg våga meg på å så nokre plantar rett ut, uten å la dei vokse inne først. Rett og slett fordi vi ikkje har plass, eller vindauge som får nok lys. I dag har eg også fått merka dei forskjellige, slik at vi har litt oversikt.
Tomatane har fått eit par runde med hønsegjødsel fordi dei slutta å vokse,
men no er dei igang igjen.
Fleire sortar vert nok planta iløpet av veka,
so no ventar eg spent på å sjå om det kjem noko der eg alt har planta.
Eg har alltid hatt meir lyst på ein nyttehage enn ein pryd hage,
so får vi sjå korleis dette går. Eit epletre har også vorte planta,
og no håper eg at vi snart kan få nokre bærbusker,
og ein jordbærampel.
Her skal kvar ein krok nyttast.
Grunnen til at eg byrja med dette for eit par år sidan var for å vise jentene kvar maten kjem frå.
Då eg var liten vart kvar sommar tilbrakt på gården til besteforeldra mine, der ein kunne gå ut og plukke jordbær til dessert, hente egg hos hønene, eller ete sukkererter.
Sjølv om vi ikkje bur på landet, er det jo kjekt å kunne ha det litt slik.


1 kommentar:
Så spennende! Jeg vil også heller ha en nytehage en prydhage! Nå er jeg i planleggingsfasen - liten plass krever god planelgging. Har kjøpt inn frø, nå må jeg bare skaffe meg potter. Noe går nok rett i jorden på hageflekken utenfor. Har planer om rips og eple og! :) Gleder meg til å følge med på hvordan det går hos deg!
Legg inn en kommentar