onsdag 30. mai 2012

Veksejakke

Bror min fekk ei lita jente i mars, og ho må jo også noko heimestrikka.
Eg er  litt treig av meg, og sidan det er kjekt å kunne gi gåva når ein treff dei, 
 festa eg knappane i går, slik at dei kunne få med seg jakka ned igjen til austlandet i dag.  
Held på med sokkar i samme farge som kanten, 
men der er berre ein ferdig, so dei får vi sende i posten.

Mønsteret er veksejakke frå Nøstebarn.  Sidan eg ikkje hadde nok garn igjen, og den er i str 0-1 år, har eg valgt å ikkje strikke hetta. Syns hetter er litt upraktisk for dei aller minste.

Frøken midt i mellom bestemte at det skulle vere raud knapp, 
og heldighvis so fann eg det. 
(Eg har leika meg med innstillingane på kameraet på telefonen, speilrefleksen er framleis ikkje oppe og går, 
og eg har funne ut at eg har eit kamera som eg kan ringe og med.)


Nemeleg eit lite bringebær.

Har brukt ca 90 g Drops Alpakka.
Str 0 -1 år.



Ingen kommentarer: